20.4.13

Den første hagedagen

Ein lørdag tilbrakt i hagen = lukke i sjela 


To viktige redskap i kampen mot villniss! I dag har eg beskjært rosene, og klippa ned eit par rhododendron som ikkje tålte barfrosten i vinter. I følge hageinspiratorane mine (les: Mamma og Pappa), så kan eg håpa at dei kjem oppatt til neste år! :) 

Rosene har òg fått hard medfart i kulden. Mi vakre New Dawn måtte kraftig beskjærast, og det er berre ein liten stubbe att. Ho har iallefall friske skudd, så det blir spennande å sjå framover!


Søte hagehanskar, som eg har fått av mi fine venninne Gosia 


Snaaart blomstrar påskeliljene :)


Lungeurt - tidleg og vakker!


Rabarbraskudd på veg


Den første, bittelille påskelilja blomstrar. Herlig!


pusekattar 



Det stikk mykje vakkert opp gjennom mose og dødt gras i desse dagar!


Kvitveis er ein storfavoritt hos meg. Han ropar liksom vår!  



IKKJE så kjekt syn... Skvalderkålen er blant dei ivrigaste på å komma opp av bakken no... Tips mot utysket tas imot med takk!! Eg har hagen full.


Snart kan eg plukka min eigen grasløk att! 


Tussilago Farfara


Eg håpar alle nyt våren like mykje som meg! 
Manglar berre eit par kortisonsprøyter i skinka no, så er lukka komplett ;) moahaha

16.3.13

vår-spring-foraar

"O Foraar, Foraar! Red mig!
Ingen har elsket dig ømmere end jeg".
(Henrik Wergeland)

Her er både huset og hagen fulle av vårteikn, 
og eg elskar det! 


Grønnfarga pusekattar frå den lokale blomsterforretningen. 


Eg prøver meg fram med innstillingar på kameraet, og av og til blir det ganske fint! ;) 
Til og med litt "bokeh"-effekt i bakgrunnen! 



Kjøkkenhandkle i lin frå IKEA fungerer ypperlig som bordduk. Vakre, broderte detaljar. 



Moodchair med vårlege kvistar. Eg trudde det var kirsebærgreiner, 
men så langt er det ingen søte, små, rosa kirsebærblomar i sikte. 
Fine er dei uansett!

 ♡ 


Bridal Crown - ein storfavoritt blant løkblomane! Luktar HIMMEL 

Vår flotte utsikt


Litt av resultatet etter mange fine dagar med skogrydding saman med Pappa :) 


Krokus og påskeliljer på veg!


I dag er hagen dekka av eit tynt lag snø. Mars er lunefull! 

"Jeg heter mars, og kan være stri, oppå fjellet, oppå fjellet.
Men solskinn kan det jo også bli, oppå fjellet, oppå fjellet.
Hvis jeg er heldig med vind og vær, så ser du gåsunger her og der
nedi hellet, nedi hellet".

fin lørdag til deg! 

26.1.13

vårlengt

"Hvis vi ikke hadde noen vinter, 
ville ikke våren vært så deilig; 
hvis vi ikke av og til møtte motgang, 
ville gode tider ikke være så velkomne".
(Anne Bradstreet)





Åhh, kor eg lengtar til våren 
Våren er mi favorittårstid, utan tvil. 
Men den tida me er inne i no, 
er òg flott. 
Alt det varme, spirande, glade, 
solrike og fine er i vente, 
og eg kan berre gleda meg :) 
Det er ubeskriveleg godt å merka
at dagane er lengre og lysare!

Ein ny laurdagstradisjon er vedaskog med Pappa. 
Gratis ved & trening + kvalitetstid med verdas finaste Pappa = vinn-vinn! :)

Ønskjer DEG ei fortsatt fin helg! 

10.1.13

primula


"Når vinteren kommer, kan da våren være langt unna?"
(Fulton John Sheen)
primula - kjem av ordet primus, som betyr først

Det første eg tenker på etter at jula er pakka vekk og ned, er primula og tulipanar! 
Søte, rosa primula var dei første som fekk komma inn i stova i det nye året. 
Dei osar av forventning, vårlege kjensler, håp om sollys og nytt liv! 




Saman med eit rykande ferskt interiørblad, har stova komme i den rette stemninga. 
No skal eg drøyma meg vekk i interiørprosjekt og lengta til våren 

4.12.12

her kommer vinteren

Folkens jeg kommer med nyheter
jeg må be om absolutt stillhet


Ventetida er over
det kommer til å falle snø i natt


Her kommer vinteren
Her kommer den kalde fine tida


Her kommer vinteren
Endelig fred å få
(Jokke & Valentinerne)



Eg bur i eit winterwonderland!
Det er om å gjera å fokusera på det vakre i årstida,
for eg skal innrømma at mørketida er lang & tung 
for både kropp og sjel...
Heldigvis feirer me jul! 
Kva skulle me gjort utan?!
Flytta til Spania, antageligvis.
Det får bli på mine eldre dagar! ;)

eg håpar du nyt adventstida!