I dag lot eg meg engasjera, provosera & inspirera av denne teksten
verda er ikkje svart/kvit
det er mogeleg å kombinera verdiar frå husmødre på 50-talet
med det å vera karrierekvinne i 2011
eg plukkar rabarbra i hagen, sopp i skogen, bakar cupcakes på kjøkkenet & jobbar fulltid som førskulelærar i barnehage

eg har ein såkalla "husmorblogg", elskar interiør & hagearbeid, er samfunnsengasjert og har sterke meiningar om både interiør & likestilling
det er mange måtar å vera karrierekvinne på
det vera seg i stiletthælar eller crocs
ingen førskulelærarar er like - heldigvis!
å vera "stay at home mom" eller deltidsarbeidande treng ikkje vera stereotypt eller anti-feministisk
![]() |
| we can do it! |
snarare kan det vera ein mix av både det eine og det andre
![]() |
| bilete frå capris |
leila lindholm & kvinnekamp
tradisjon & revolusjon
"gamle dagar" & notid
feminisme anno 2011 kjem i ulike drakter
![]() |
| alle bilete utanom Leila Lindholm - via pinterest |
å vera ei sterk, sjølvstendig kvinne kan bety så mangt
eit lite ♥-sukk frå meg i dag - midt oppi debatten rundt kjønnsrollemønster, pappaperm, filipinske au pairar
& konservative veterinærar, krampeaktige sosialistar, samfunnsutvikling, økonomi, feminisme & cupcakes!








Kjempeflott innlegg og viktig tema!
SvarSlettKlem!
Så bra innlegg! Enig at det skal være begge deler og ikke enten/eller:-) Selv jobber jeg deltid fordi kabalen ikke går opp ellers... Med 6 timers arbeidsdag for småbarnsforeldre tror jeg mye kunne vært bedre, slippe stresset om morgenen og ha overskudd til å lage god middag til familien etter arbeidstid.
SvarSlettHerlig innlegg!
SvarSlettJeg tror ikke vi er mindre feminister i dag.
Koose deg masse idag, vi skal straks ta på oss yttertøy og dra på skogstur, før vi skal bake kanelkranser og kose oss i sofaen for helgen.
klem
Så sant så sant!
SvarSlettVerden er ikke svart hvit - og det må være lov å kunne bake boller og like å gjøre det koselig rundt seg selv om man er for lik lønn og flere flinke jenter i styrerommene? Eller hur?
Klem og en finfin søndagskveld til deg :)
Signe
Forskjellen på no og før er vel den sterke styringa på korleis familiemønsteret skal sjå ut. Vi kan ikkje lenger velge om ein av foreldrene skal vere heime med ungane etter permisjon, deltidsjobbing er ikkje så enkelt, og ungar som er heime har ingen å leike med. Barnehage er bra synest eg, men eg likar IKKJE mi manglande moglegheit til å gjere kvardagen lettare for store og små. Noreg er alt for materialistisk, dyrt og kravstort!
SvarSlettFinfint innlegg, Lina! Inntil for snart tre mnd sidan var eg og ei energifull husmor i fulltidsjobb (controller), men gjekk på ein smell.. no er eg ingen av delene! Håper at eg med tida vil klare å jobbe for fullt og ha energi til overs til hus og familie, og gjerne litt hobby og...
SvarSlettTa bilder klarer eg då, det gir meg energi. Onsdag skal eg ta bilder av nettopp ei dame frå 50-tallet hihi, berre vent å sjå;)
Ha ein fin kveld!
Klem Marianne
Flott innlegg! klem frå også ein førskulelærar :-)
SvarSlettEg heiar på deg! Kjempe innlegg med herlige illustrasjonar :) Eg er litt sånn med ein fot i kvar verd, ein fot i eit mannsdominert yrke der eg ikkje nett får bruka kreativiteten utanom når det gjeld å få offshore operasjonane til å vera klare når kunden ropar "go!". Så har eg andre foten i bloggeland, der eg koser meg med putene mine og lysfat og skryt over kor kreativ eg er og viser fram "alt" eg lagar. Og så er eg mamma, som skal huska på bursdagar, hjelpa til med lekser, heia på fotballkamp, få bandittane til å rydda på rommet sitt, laga middag, handla mat (boooooooring), og så er eg kåna - og venninne, og søster og svigerinne og dotter og svigerdotter, barnebarn og tante... Me har mange roller i kvardagen. Og ikkje alle går like godt i lag. Det er om å gjera å finna balansen... Hmmm - her kjenner eg at eg vart voldsomt engasjert! Bra, Lina! Bra :)
SvarSlettKlem Eli
You go girl!
SvarSlettEg bakar ikkje fordi eg er kvinne, men fordi eg har lyst til å bake.
Eg studerer ikkje fordi eg er feminist, men fordi eg har lyst ut i arbeid.
Eg er feminist fordi eg ikkje vil handle ut frå kva kjønn eg har, men ut frå kva som gjer livet mitt meiningsfullt.
Du har heilt rett, det må ikkje vere så svart-kvitt:)
Helsing Aina:)
Hei søtaste Aina! ♥ Så kjekt å sjå deg her inne :) agreed, kjekt at eg kan engasjera! Du ordlegg deg veldig godt - veldig enig med deg. Baking & utdanning ftw ♥
SvarSlett